Nettverksnytt

Månedens alumn: Sjur Hamre

31. oktober 2018 • Mai Masuda Gylseth

1) Kan du fortelle litt kort om bakgrunnen din? Hvor vokste du opp? Hva gjør du nå?

Eg vaks opp på Leikanger, ei lita bygd i Sogn og Fjordane. For tida bur eg i eit lite, kvitt rekkehus ved eit skogholt utanfor Durham saman med ein Taiwanar og ein Sør-Afrikanar, der vi arbeidar med doktorgradane våre. I ledige stunder leiar eg kommunikasjonsgruppa til UWC Norge.

2) Hvilket UWC gikk du på og når?

Eg gjekk på UWC Mostar i Bosnia-Hercegovina frå 2012 til 2014.

3) Hva var hovedgrunnen til at du søkte på UWC?

Som tidleg tenåring var eg med i alt for mange ungdomsorganisasjonar, og eg traff stadig på folk som hadde lyst til å gå på – eller nettopp var ferdige med – UWC. Det høyrdest utruleg spennande ut å flytte saman med ein gjeng kule folk ein stad langt heimanfrå for å redde verda, så eg skreiv det som må ha vore tidenes kjedelegaste UWC-søknad, stamma meg gjennom intervjuet i ein tjukk, litt for stor, grøn ullgensar og joggebukse, og så reiste eg av stad til ein liten, fem år gammal internatskule i Bosnia-Hercegovina.

4) Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?

Eg hugsar mange kvardagsminne – balkongpratar og gitarjammar inn i dei seine nattetimane, å stå opp tidleg morgonen etter for å besøke den lokale flyktningleiren, og å deretter bruke brorparten av dagen på å gruble på kvifor det framleis var flyktningleirar i Bosnia-Herzegovina og kva vi kan gjere med det. Mange møte med folk frå Mostar gjorde inntrykk.

Vi gjorde ein god del ting vi ikkje trudde vi kom til å få til – vi stelte i hop ein konferanse for å skrive om grunnloven og inviterte Høgrepresentanten (som stilte – saman med eit utal bladfykar og livvakter), dreiv flyktningleirar og barnehagar, skreiv revyar og teaterstykke, organiserte sære opptaksrituale midt i byen midt på natta, og mykje anna moro.

Eg saknar det aller meste – gruppemailar med alt frå klager på kattane på terrassen til underskriftskampanjar for å få fleire gaflar i kantina, det som må ha vore verdas mest fargerike lærargruppe, livet i gatene – og eg reiser tilbake til Mostar så ofte eg kan.

5) Kan du fortelle litt om hva du har gjort etter UWC og hvorfor?

Eg følte meg ikkje heilt ferdig med UWC då UWC var ferdig med meg, og eg brukte ein del tankekraft på å finne ut korleis eg kunne finne ei ny UWC-boble etter UWC. Eg fann svaret på ei ørkenvandring i Midtausten, der eg var invitert på besøk til eit fire år ungt universitet i Abu Dhabi som i stor grad var bygd på UWC-ideal: På universitetet hadde dei samla saman folk frå heile verda, på merittbasert grunnlag, for å skape ei betre verd og å bidra til å utvikle lokalsamfunnet. Eg tenkte det var verdt eit forsøk, så eg slengte meg med. Dei neste fire åra studerte eg samfunnsøkonomi og statsvitskap der, i Accra, New York, Shanghai, og Washington. For eit par år sidan vart eg spurt om å skrive om tida mi i Midtausten for elevbloggen vår. Då eg var ferdig byrja eg på doktorgraden min i politisk økonomi på Duke University her i Durham.

6) Hva har UWC betydd for deg i etterkant? Kan du fortelle litt om det å være frivillig i UWC?

Mange av dei beste vennane mine er UWC-arar – både folk eg møtte i Mostar og folk eg har treft seinare. Eg trur synet mitt på verda – og kvar eg passa inn i ho – i stor grad vart forma på UWC.

Noko av det beste med å vere frivillig i UWC har vore å få oppleve UWC-livet gjennom elevane på alle dei ulike skulane når eg til dømes redigerer elevbloggen eller styrer Takeoverane våre på Snapchat og Instagram. Eg har òg intervjua UWC-søkarar rundt i verda dei siste åra, og det har vore utruleg inspirerande å møte alle dei engasjerte ungdommane som har lyst til å byrje på UWC – ein kan få framtidshåp av mindre. Det er utruleg mange kjekke folk i den norske nasjonalkomitéen, og eg håpar mange vil bli med å bidra til neste år!

7) Har du noen tanker rundt hvilken rolle UWC bør ha i dagens samfunn?

Eg tykkjer ein av dei beste UWC-verdiane er viljen til å tenkje nytt – å lytte til og lære av andre, prøve nye ting, og ta sjansar – og eg håpar vi kan få fleire til å sjå slik på verda.

8) Hvilke tips eller råd vil du gi til nye eller nåværende UWC-elever?

Et godt med grønnsaker, sett av tid til trening og pass på at du får nok søvn!

… og prøv ting du ikkje trur du får til, prat med folk du ikkje trur du passar saman med, og hugs at UWC-tida går så utruleg mykje fortare enn du trur ho vil.