Månedens alumn: Mikal Hovland

– Når og hvor gikk du på UWC?

1998-1999 Waterford Kamhlaba UWCSA, Swaziland.

– Hvorfor bestemte du deg for å søke på UWC?

Far min hadde på den tida nett vore arkitekt til utbygginga av UWC i Flekke og i ein ung og påvirkelig alder kjendes det ut som eg ikkje hadde noko anna val.  

– Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?

Det er vel ikkje til å legge under ein stein at det var den beste tida. Det var her eg traff den framtidige kona mi, det var her verda opna seg opp i eit sitrande og fargesprakande eventyr av uendelege mogleheiter. Ja, til og med nedturane der hadde ein storslagen melankolisk klang over seg. Sidan har det gått trått nedover. Men kona mi har trass alt haldt seg like vakker.

Det er mange episodar som har brent seg fast i tinninglappen, men som filmskapar passar det fint å dra fram møtet med Richard Attenborough (som hadde ein sterk tilknytning til skulen den gongen). Vi hadde venta lenge på mannen, og då han endeleg kom spurde eg eit genialt spørsmål om Gandhi-filmen som eg hadde pønska ut lenge. Han stod rett ved sidan av meg, og mannen blei så engasjert at han spytta meg i trynet opptil fleire gongar då han skulle svare. Jøye meg, tenkte eg, her står Richard Attenborough og spyttar meg i trynet, eg må ha stilt eit veldig godt spørsmål. Svaret hugsar eg ingenting av. Slik var det ofte på UWC, ein var meir oppteken av spørsmåla ein skulle stille enn svara ein kunne få.  

– Kan du fortelle litt om din karriervei etter UWC og hvorfor du bestemte deg for å jobbe med film?

Eg har alltid visst eg ville jobbe med film. Etter UWC studerte eg til å bli filmfotograf i England, og jobba 5 år i Cape Town. Erfaringane mine frå UWC og ifrå Sør Afrika var nok viktige for at eg kom inn på regi-linja på Den Norske Filmskulen i 2009.

– Hva har UWC betydd for deg?

Som historieforteljar vil eg sei at noko av det vikigaste UWC har gjort er å ha lært meg til å tvinge perspektivet mitt til å kunne sjå på verda gjennom ein heilt annan person sine auge. Likevel, ved å dele historiar kan ein få kvarandre til å le og gråte over det same, og når ein gjer dette så byggjer ein umiddelbart bruar mellom menneske. Ein kan fort gløyme kor lite spesiell ein kan vera, og kor grunnleggande like vi er som menneskelege skapningar. Til dømes så er humor mykje mindre kulturelt betinga og mykje meir universielt som menneske enn ein skulle tru. Det kan ofte overraske ein i møtet med andre kor mykje ein kan le av dei same greiene. Humor er ei enorm felles gåve vi har, og vi må dele den oftare for å minne kvarandre på alt vi faktisk har til felles.

– Har du noen tanker rundt hvilken rolle UWC bør ha i dagens samfunn?

Idéane rundt UWC har aldri hatt større relevans i ei verd som no ser ut til å ville trekke seg saman istaden for å opne seg opp. Samstundes meiner eg at UWC, og då her i Noreg spesielt, har ei utfordring i at bevegelsen er ein overraskande liten del av den allmenne bevisstheita (som oftast ser folk ut som spørsmålsteikn når eg seier eg har gått UWC). Det multikulturelle er ein del av vår kvardag innanlands og vi må halde det multikulturelle opp som noko verdifullt og positivt og syne dette fram gang på gang så det blir ein del av vår nasjon si bevisstheit – det er nok av krefter der ute som vil det motsatte. Her kan UWC Norge spele ei større rolle.

– Hvilke tips eller råd vil du gi til nye og nåværende UWC-elever?

Senk skuldrane og ha det kjekt. Ver grei mot andre, og heng med dei folka du trur ikkje skulle vere så kule å henge med. Kven det er som er kul kan vere ganske så relativt. UWC kjem også til å hjernevaske deg til å tru at du er ein av framtida sine verdsleiarar – dette kjem nok mest truleg ikkje til å hende.

Kanskje du er interessert i dette…