Kulturkontakt og -formidling på UWC-dagen

Kontakt og formidling på tvers av kulturar gjekk igjen som tema når UWC-dagen vart markert 21. september. Dette er òg den internasjonale fredsdagen og for fjerde året på rad samla UWCarar seg rundt om i verda for å markere dagen og røyrsla.

I Bergen inviterte dei regionale UWC- koordinatorane Susanne Hoggen Kippersund og Emily McLean på bakgårdskino, der dei viste filmen Brev til kongen, av norsk-kurdiske Hisham Zaman og samla inn pengar til UWC sitt stipend for flyktningar.

uwc-day-bergen-2016_1       uwc-day-bergen-2016_2

I Trondheim var det tradisjonell UWC-potluckmiddag organisert av dei regionale koordinatorane der, Rikka Kjelkenes og Ingvild Wie, medan koordinator i Tromsø, Astrid Høgestøl, samla saman til cafe-treff.

I Oslo inviterte nasjonalkomiteen til paneldebatt om norsk kultur og kulturformidling på UWC – brunost og bunad? – på Sentralen. Marie Nicolaisen leia ei samtale mellom Balder Bryn Morsund, Lars Laird Iversen, Ida Erstad og Espen Stedje om nasjonal kultur er noko ein legg av seg som internasjonal borgar og om/korleis norske UWC-elevar skal eller bør formidle norsk kultur.

uwc-day-oslo-2016_1      

Blant det me lærte var at det norskaste Balder gjorde på UWC var å gå på rulleski, medan Espen fortalde at han kjende seg meir som skandinav etter to år på UWC. Når det gjeld formidling meinte Lars at kultur er noko som er typisk og som er vanskeleg å lære seg, og Ida framheva kor viktig det er å skape rom for å dele når ein tenkjer (kultur)formidling.

Kanskje du er interessert i dette…