Hei! Eg heiter Margrete, er 22 år gamal og gjekk på UWC Red Cross Nordic frå 2017 til 2019. Eg vaks opp på Rauland i Vinje, i Lardal og litt i Maputo (Mosambik).
Det er ikkje feil å berre bry seg om kva for eit snø-scooter merke som er tøffast eller korleis ein skal snike seg inn på country-festivalen i Seljord neste sommar. Om ein diverre ikkje er interessert i dette kan ei lita bygd kan verke litt kvelande. Eg ville helst sette meg i sandkassa på Rauland skule og grave eit hol til Kina, heldigvis fann eg ut at UWC var ei enklare løysing. Det blei heller ikkje andre sida av verda, men Fjaler.
Viktig å legge til at dess fleire år eg har budd heimanfrå, di gladare har eg blitt i bygda mi.
Hva var hovedgrunnen til at du søkte på UWC?
Som nemnt ville eg helst langt vekk frå Rauland, så fort som mogleg. I Maputo fekk eg høyre om ein mystisk skule i Eswatini og i løpet av dei fyrste månadane av VG1 var eg i full gang med å søkje.
Eg ville veldig gjerne bli ein del av eit miljø som var både større og meir mangfaldig enn heime. Språk og kultur var også ein del av motivasjonen. Det eg hadde mest lyst til var å bli kjent med andre på min alder, med ulik bakgrunn som også var engasjert i alt frå små og lokale utfordringar til dei store utfordringane me har i verda. UWC verka som eit fantastisk eventyr, meir spanande enn «vanleg» utveksling.
UWC sin «mission statement» høyrdest stort, kanskje litt naivt og svært idealistisk ut. Tenk å vere ein del av ei rørsle som verkeleg vil gjere verda betre!
Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?
Dei to åra i Fjaler var fantastiske. Det var sjølvsagt krevjande til tider, som eksamen på 17.mai, vere langt heimanfrå og mange aktivitetar kvar einaste dag.
Det er vanskeleg å plukke ut enkelthendingar som har brent seg fast, for det er mange. Noko av det beste var alle dei fine stundene me hadde i kajakk, på ski eller til fots ved fjorden. «Ski-week» kjem eg heller aldri til å gløyme, det var sjukt morosamt å lære nokon som knapt har sett sno før å gå på ski! Å bu ilag med «roomies» frå nesten alle kontinent fører med seg mange fine kvardagsaugeblikk. Me var ein liten familie som tok vare på kvarandre.
Å alltid ha nokon å henge med, anten i hengekøye ved fjorden, i «Art-room», på treningsrommet eller i «day-room» var skikkeleg fint. Å sjå solnedgangen frå Jarstadheia, konkurrere mot dei andre husa i «house-cup», feire nasjonaldagar og bursdagar, hjelpe kvarandre med skulearbeid sittande på ei brygge for så å ta eit kaldt kveldsbad var ein fin kvardag.
Me hadde også mange flinke lærarar som var frå alle krikar og krokar av verda, noko som var svært lærerikt!
Kan du fortelle litt om hva du har gjort etter UWC og hvorfor?
Etter UWC var eg heime eit halvt år. Då arbeidde eg på Coop Extra og utdanna med som personleg trenar. Så reiste eg i fyrstegongstenesta i Sør-Varanger. Eg var litt skeptisk til fyrstegongstenesta etter UWC, av ideologiske grunnar, men det var eit svært fint og lærerikt år som gav meg fleire nye perspektiv. Etter eit år som grensejeger gjekk eg med ski og pulk, heimover. Hausten 2021 starta eg på ein bachelor i statsvitenskap ved universitetet i Oslo, og her blir eg nok ei stund framover… Ein av grunnane til at eg valte å studere statsvitenskap var at eg tok Global Politics på RCN, eit fag som var veldig spennande.
Hva har UWC betydd for deg i etterkant?
UWC har betydd svært mykje for meg i etterkant. Før korona fekk eg besøkt nokre vener, men diverre ikkje så mange eg hadde ynskt. I Sør-Varanger var også Helene (co-year fra RCN), ein trygg fadder å ha. Då eg starta å studere i Oslo, medan det framleis var strenge korona-reglar, var det veldig fint å kjenne gode folk frå før. I dag heng eg med UWC-vener nesten kvar dag, noko eg set stor pris på!
Forutan dei venene eg møter i kvardagen har UWC gjeve meg eit utvida syn på verda. Uansett kva for ein konflikt, utfordring eller positive ting som hender har eg alltid ein eller annan link. Det er fint, men gjer også at ting som hender langt vekk frå trygge Norge kjenast nærare.
Har du noen tanker rundt hvilken rolle UWC bør ha i dagens samfunn?
Med alt som hender i verda trur eg alle burde gå på ein UWC.
Ein lærer mykje. Mykje meir enn det som står på pensum. Frå å rydde rom ilag, lage årbøker og måke sno til å ete frukost eller diskutere politikk. Ein lærer at det kanskje finns meir enn ei sanning, at mitt syn kanskje ikkje er det same som ditt, men at me likevel kan vere vener og samarbeide.
Hvilke tips eller råd vil du gi til nye eller nåværende UWC-elever?
Ikkje stress. Det høyrest sikkert enkelt ut, men det vil tidvis vere travelt. Mange som byrjar på UWC er vane med å vere «den beste» i klassen. Brått studerer du med mange som er flinkare enn deg på mange ting. Det er ikkje så farleg! Det kan også vere vanskeleg å plutseleg berre snakke engelsk (det gjeng seg fort til). Hugs å ta vare på deg sjølv, du rekk faktisk ikkje å vere med på absolutt alt som skjer.
Då eg søkte ville eg helst til eit nytt og spennande land, ikkje Fjaler. Det trur eg mange andre også tenkte og tenkjer. Mi erfaring er at den bobla du vert ein del av fyrst og fremst handlar om menneska, ikkje plassen. Då har det ikkje så mykje å sei om du ser ein fjord eller ei palme utanfor vindauget. Ikkje lås deg fast i at ein av skulane er planen din, du vil nok trivast fleire stader.
Nyt kvardagen! Du vil mest truleg aldri gjere ein så kvardagsleg ting som å rusle ilag til fyrste time, medan måkene prøvar å angripe deg, med nokon frå Burkina Faso, Ghana og Myanmar igjen.