Månedens alumn: Nora Geirsdotter Bækkelund

1) Kan du fortelle litt kort om bakgrunnen din? Hvor vokste du opp? Hva gjør du nå?

Eg vaks opp i Norheimsund i Hardanger. Etter UWC studerte eg samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo, og spesialiserte meg i økonomisk geografi. No er eg snart ferdig med ein doktorgrad der eg har forska på korleis menneske på små stader driv innovasjon for å skapa positiv utvikling på stadane der dei bur. Kven skulle trudd at eg kom til å forska på stader som liknar Norheimsund og menneske som liknar naboen til foreldra mine?

2) Hvilket UWC gikk du på og når?

Eg gjekk på UWC Atlantic College frå 2009 til 2011.

Noko av det viktigaste eg lærte var at det nesten alltid finst fleire perspektiv på ei sak, men at me ofte ikkje er klare over eigne meiningar. … Å bli konfrontert med ulike tenkjemåtar og verdsbilde kan både kveikja nytenking og få folk ned frå barrikadane.

3) Hva var hovedgrunnen til at du søkte på UWC?

Det var nok ein kombinasjon av utferdstrang og idealisme. Det er jo tidenes UWC-klisjé, men eg ville gjera verda til ein betre stad. Samtidig ville eg oppleva meir av verda, møta nye menneske frå andre kulturar, og ikkje minst møta likesinna som òg ynskte å gjera verda til ein betre stad.

4) Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?

Det heiter jo at ein lærer så lenge ein lever, og på UWC både levde og lærte eg ekstremt mykje. Det var ei veldig intens oppleving. Episodane eg hugsar best er både ekstraordinære og daglegdagse. Eg hugsar framleis  den ekstatiske velkomsten då me kom av bussen den fyrste dagen. Ein annan episode som står sterkt i minnet er ein rasismedebatt som kom opp under African History Month og som eg trur var ein augeopnar for fleire av dei som var til stades. Elles er mange av minna frå UWC meir daglegdagse: Samtalar på badet, turen ned til slottet kvar morgon, brownie og rødvin på klippene (heilt ulovleg), kveldar rundt leirbål, at det alltid var nokon som fann på noko og at ingen dag vart avslutta utan ein kopp te og ein god samtale.

5) Kan du fortelle litt om hva du har gjort etter UWC og hvorfor?

Etter UWC hadde eg fyrst eit friår der eg arbeidde på ein jenteskule i Tibet og tok den Transsibirske jernbanen tilbake til Europa. Då eg valde å studera samfunnsgeografi var det òg motivert av idealisme, ikkje fordi samfunnsgeografi nødvendigvis er eit ideelt utgangspunkt for å forbetra verda, men fordi faget gir eit heilskapleg bilde av korleis samfunn fungerer på ulike nivå (frå det lokale til det globale), på korleis urettferdigheit vert til og kva menneske gjer for å gjera noko med det.

Under studia var eg frivillig i Spire og arbeidde mykje med berekraftig mat og matsikkerheit. Dette bidrog nok til å vekkja interessa for bygdene og deira livsgrunnlag. Då eg såg stipendiatstillinga knytt til eit prosjekt som handlar om korleis Vestlandet kan bli mindre oljeavhengig, var eg snar med å skriva ei skisse om innovasjon og utvikling i bygdenæringar. Etter tre år i Bergen nærmar det seg slutten på doktorgraden. Det er framleis mykje å finna ut av for at det skal vera liv laga for både planeten og menneska framover, og eg vonar å få arbeida meir med dette i tida som kjem.

6) Hva har UWC betydd for deg i etterkant?

To år tilbragt med så mange idealistar samla på ein stad gjorde at eg hadde veldig høge forventningar til samfunnsengasjement og samfunnsbidrag både frå meg sjølv og andre. No når det har gått lengre tid opplever eg at noko av det viktigaste eg lærte var at det nesten alltid finst fleire perspektiv på ei sak, men at me ofte ikkje er klare over eigne perspektiv og tek dei for gitt. For eksempel, i debatten fram mot valet har dei fleste norske politikarar liknande perspektiv, men ulike meiningar. Kjem du til Norge frå eit anna land der det er andre ting som står på dagsorden kan heile debatten verka merkeleg. Å bli konfrontert med ulike tenkjemåtar og verdsbilde kan både kveikja nytenking og få folk ned frå barrikadane . Det er gull.

7) Har du noen tanker rundt hvilken rolle UWC bør ha i dagens samfunn?

UWC er fyrst og fremst ei utdanning og livserfaring der unge menneske med sterke ideal, meiningar, energi og kreativitet kjem saman. Samfunnet skulle generelt hatt meir av den idealismen og det pågangsmotet, men det må omsetjast til ei form som fungerer i samfunnet.

Ettersom utviklinga i mange vestlege land no går mot større intern fragmentering burde kanskje målet om å foreina folk og kulturar også i større grad trekkjast ned til lokal skala. Nokre gonger kan det vera like vanskeleg å foreinast med sine medborgarar som med menneske frå andre land. Og me treng å få det til utan at det eine går ut over det andre.

8) Hvilke tips eller råd vil du gi til nye eller nåværende UWC-elever?

Ikkje bli stressa. Det er utruleg kva du rekk i løpet av to år. Det er lurt å jobba jamt med skulearbeid, men ikkje la IB overskugga «mission»-aktivitetar, kreativitet og det sosiale. Det er det som skil UWC frå andre skular, og det er det du kjem til å hugsa best etterpå.

Vær nysgjerrig på folk, særleg når det er litt slitsamt. Den vanskelege interaksjonen utvider horisonten. Du treng ikkje bli bestevenn med alle, men du har ei fantastisk moglegheit til å bli kjend med og læra av folk som er ulik deg sjølv. Og det må me halda fram med også etter UWC!

Kanskje du er interessert i dette…