Månedens alumn: Rikka Kjelkenes

Eg vaks opp i Svelgen, ei lita bygd i gamle Sogn og Fjordane. No bur eg i Oslo, kor eg jobbar som doktorgradsstipendiat på Oslo Universitetssjukehus. Der forskar eg på korleis hjernen utviklar seg i ungdomstida, og kva det er som gjer at nokon utviklar psykiske problem.

Hvilket UWC gikk du på og når?

Eg gjekk på Pearson College i Canada frå 2011 til 2013.

Hva var hovedgrunnen til at du søkte på UWC?

Eg høyrte om UWC frå nokon andre frå Svelgen som var to år eldre meg. Ho var på skulebesøk hos oss når vi gjekk i 10. Klasse, og det var då ideen om å gå på ein UWC skule først blei planta.

I hovudsak handla det nok om eit ynskje om å sjå meir av verda, og å lære meir om nye kulturar. Eg var også ganske idealistisk på den tida, noko som gjor at UWC skulane virka som noko som passa meg bra.    

Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?

Eg hadde to (for det meste) fantastiske år på UWC. Det var to intense og altoppslukande år. Spesielt første året var det alltid noko som skjedde, og man glømte nesten at det fantast ein verden utanfor «bobla». Eg lærte veldig mykje, både innanfor og utanfor klasseromma. Gjennom samtaler med andre fikk eg og mange nye perspektiv, og følte også at eg lærte mykje om meg sjølv. Det var veldig spennande å følge med på korleis vi alle vaks så mykje på dei to åra vi var der. Eg synst det er vanskeleg å trekke fram spesifikke hendingar, men det eg huskar best er absolutt alle folka.

Kan du fortelle litt om hva du har gjort etter UWC og hvorfor?

Når eg var ferdig på UWC var eg veldig usikker på kva eg skulle gjere, så då blei det eit friår med jobbing og reising.  Etterpå studerte eg eit år i Nederland kor eg tok mange ulike fag, og fant fort ut at det var psykologi som interesserte meg mest.

Eg flytta derfor til Trondheim året etter for å ta ein bachelor i Psykologi. Der fant eg ut at det var den biologiske delen av psykologi og forsking som interesserte meg mest, så eg valte å gå vidare med ein master i nevrovitenskap på NTNU. Studietida mi i Trondheim var veldig fin, men det var viktig for meg å engasjere meg i meir enn berre studie. Eg var blant anna frivillig i den internasjonale studentfestival i Trondheim (ISFiT), kor eg var med på å arrangere ein dialogkonferanse om diskriminering av seksuelle minoriteter i Ghana, Uganda og Russland. Noko som gjor at eg følte at eg fikk eit lite snev av UWC tilbake i livet.

Når eg var ferdig med masteren hadde eg eit ynskje om å fortsette innafor akademia, og heldigvis fekk eg ei stipendiatstilling innafor eit tema som engasjerer meg. Det er fortsatt mykje som manglar i forståinga av hjernen sin rolle i mentale lidingar, så eg håper å forsette å jobbe i dette feltet i mange år framover.

Hva har UWC betydd for deg i etterkant?

UWC har nok styrka ønsket om å bidra til samfunnet. UWC har også brakt verden mykje nærmare. Når man høyrer om eit land, har man plutseleg eit ansikt og ein person å knytte det til. Det gjer nok at mykje av det men ser på f.eks. nyheitene følast med ein gong mykje nærare.

UWCera er fortsatt ein viktig del av livet mitt, men ikkje berre dei eg gikk på Pearson med. Alle plassane eg har budd etter UWC har eg vært engasjert i UWC alumni nettverk, noko som gjer at (snart) 10 år etter at eg var ferdig på Pearson er UWC fortsatt ein aktiv del av livet mitt.

Har du noen tanker rundt hvilken rolle UWC bør ha i dagens samfunn?

Sjølv om verden er meir internasjonalisert enn nokon gang, trur eg at UWC verdiane og skulane fortsatt er viktige. Ein av dei viktigaste rollane UWC har i dagens samfunn er den muligheita dei gir til ungdom for å presse eigne grenser, gi dei moglegheiter vidare i livet, og generell sjølvutvekling. Det er viktig at UWC også er klar over den enorme påverkingskrafta dei har på ungdom i nokon av dei mest formbare åra i deira liv, på både godt og vondt.

Hvilke tips eller råd vil du gi til nye eller nåværende UWC-elever?

Eg vil anbefale alle å være nysgjerrige på alle personane rundt dei, og å bli kjent med så mange av medelevane som mogleg. Ein anna ting som er viktig å hugse på når det alltid er så mykje som skjer er å også prioritere å ta vare på si eiga helse, både fysisk og psykisk!

Kanskje du er interessert i dette…