Livet på UWC i Costa Rica

Eg har snart vore fire månadar i Costa Rica – i løpet av eit tredels år har eg opplevd ei fantastisk berg- og dalbane! I august forlét eg vener, familie og ein trygg heimplass for å oppleve UWC og eit heilt nytt land. Eg var nervøs og spent frå eg skreiv søknaden til dagen eg skulle reise. Dagen kom og reisa var lang, men eg og Jakob kom fram. Velkomsten var overveldande og flott – vi vart tekne varmt imot av andreklassingane, som stod klare til å klemme og hjelpe oss med bagasjen.

Heilt sidan eg kom har kvar dag gjeve meg ny lærdom og nye intrykk. Å leve med menneske frå heile verda har sine fordelar, og eg lærer alltid noko nytt frå dei rundt meg; alt frå store ting som å høyre om konflikta i Catalonia frå ein Spanjol til mindre ting som å oppdage at ein skriv frå høgre til venstre i Marokko frå ein Marokkanar. Med menneske frå heile verda kjem det òg mange forskjellige meiningar. Det er spennande å høyre andre menneske sitt perspektiv sjølv om det av og til kan vere vanskeleg å akseptere meiningane deira.

Å leve i Costa Rica skil seg veldig frå å leve i Noreg. Språket, kulturen og ikkje minst naturen overraskar meg stadig. Kvar morgon er det alltid litt sjokkerande å vakne i eit heilt anna land på den andre sida av kloden. I byrjinga verka livet i Costa Rica overveldande, men no er eg nærmast vand med til dømes å sjå ei firfisle eller ein iguan her og der. Campus vert som ei lita boble, og når eg er der for lenge gløymer eg av og til det spennande landet skulen vår ligg i. Difor tykkjer eg at det er kjekt å ta turen ut frå skuleområdet jamleg, om det så berre er for å kjøpe ein smoothie eller handle mat.

Opphaldet mitt har vore flott, men det har òg bydd på utfordringar. Det er krevjande å studere på eit anna språk med eit nytt skulesystem, og IB krev meir tid og krefter enn vanleg vidaregåande skule heime i Noreg. Det er utfordrande, men med gode lærarar og eit godt skulemiljø vert det kjekt. Dei fleste som går her har lyst å gjere det bra – det skapar karakterpress, men det gjer òg at eg vert motivert til å arbeide sidan alle dei andre gjer det. På trass av små utfordringar har eg hatt dei fire beste månadane eg kan hugse. Eg har lært og opplevd utruleg mykje som eg ikkje ville ha vore forutan. Eg har fått nye vener og ein ny stad der eg kjenner meg heime, og det har gjort at UWC-opplevinga mi har vorte utruleg bra. 

Livet i Costa Rica er flott, men eg må innrømme at no i desember gler eg meg til juleferie og gjensyn med familie og vener. Ein månad heime med snø, norsk mat og dei næraste vil gjere godt, men eg kjenner òg at eg kjem til å sakne UWCCR, Costa Rica og menneska her. Som ein eg kjenner sa: “Ein må ut og reise for å kome heim.” Eg håpar at eg kjem til å ha lært mykje som eg kan ta med meg heim etter to år her i Costa Rica. Eg gler meg til å dele opplevingane og den nye lærdomen min, og eg vil verkeleg oppfordre alle andre til å søke UWC – det er verkeleg noko magisk med å bli kjent med utrulege menneske frå heile verda!

Kanskje du er interessert i dette…