Elevblogg

UWC i Thailand

18. november 2018 • Rakel Hamre

I 2016 ble Phuket International Academy ein del av UWC-bevegelsen. Som del Shelby Davis sin Dare to Dream-kampanje fekk UWC Norge eit elevstipend til Thailand for 2018. Rakel Hamre frå Leikanger vart den første norske UWC-eleven i Thailand, og her fortel om livet på UWC-skulen:


Kven er du og kvifor søkte du på UWC?

Eg heiter Rakel Hamre og kjem frå Leikanger i Sogn. Eg høyrde om UWC som 11-åring då broren min byrja på UWC i Mostar, og bestemte meg med det same for at eg også ville gå på UWC. Etter kvart blei eg meir og meir oppteken av berekraftig utvikling og fred, og følte at UWC kunne hjelpe meg med å gjere ein forskjell for andre.

Korleis er det å vere første norske elev på ein ung UWC-skule?

Det er veldig kjekt! UWC Thailand er framleis ein liten skule, så vi har som regel få eller kun éin elev frå kvart land — dermed er alle i samme båt. Det var veldig spennande å komme hit utan å vite noko om skulen, å ikkje ha korkje co-years eller andreåringar, men eg har etablert ein god “connection” med dei andre skandinavane. Eg kom så raskt inn i miljøet her at eg har gløymt å tenkje på at eg ein er den einaste norske eleven, og eg kjenner meg på ingen måte “åleine-” I tillegg er det ekstra kjekt å gå i bunad eller dele ut norsk sjokolade!

Kva ser du på som dei største samfunnsproblema i Thailand?

Thailand er veldig ulikt Norge på mange område. Kongen har mykje makt, og vi må for eksempel stå til nasjonalsongen kvar morgon, og det er høgst ulovleg å snakke stygt om han, trakke på pengar med namnet hans på, etc. Thai-læraren min vart veldig sjokkert då eg fortalde om det norske monarkiet og at eg kalte villa-kattane opp etter Kong Olav og Harald. Eg har merka at klasseskilja er større enn heime. Landet er òg veldig konservativt: det er mykje diskriminering, ein kan ikkje halde hender i offentlegheita og ein kan ikkje kjøpe t.d. tampongar på butikken.

Det som har sjokkert meg mest er den uendelege plastbruken. Eg har alltid med meg handlenett og må alltid spørje direkte om å ikkje få pose og eg får alltid sugerøyr når eg kjøper drikke, sjølv når det er vatn på flaske. Det verste er at folk kastar plasten rett i naturen.

På skulen har vi eit program som heiter MANTA, der vi overvåkar korallrev og plantar mangrovetre. Vi var ein heil gjeng som planta tre ein dag, og slapp fiskar ut i ei elv for å hjelpe det øydelagde økosystemet tilbake på beina. Men kvar fisk kom i ein eigen plastpose, og når vi fekk servert vatn blei flaskene kasta på bakken. Nokre lokale frå ein miljøorganisasjon ba oss skrive under på ein kampanje medan vi jobba, der dei skrøyt av oss fordi arbeidet vi gjorde var så bra og så viktig. Rett etterpå kasta dei pennen frå seg, sidan dei såg på det som det mest naturlege å gjere med ein øydelagd penn. Det finst ikkje resirklulering i Phuket.

På ein miljøkonferanse her om dagen var det nokre lokale skuleelevar som sa til dei vaksne at vi kom til å øydeleggje økosystema om vi ikkje gjorde noko snart. Og skjedde det, kom Phuket til å miste turismen. Derfor måtte vi gjere noko — tenk om turistane ikkje vil komme hit lengre?

Kva moglegheiter får elevane på UWC Thailand til å lære om og påverke samfunnet?

På skulen har vi fokus på at vi er eit UWC i Thailand, men at vi også er eit thailandsk UWC. Derfor feirer vi thailandske tradisjonar gjennom skuleåret. Vi har eit fag på skulen som er obligatorisk, Thai culture and language, der vi lærer mykje om samfunnet og korleis ting er her. Mykje er knytta til religion og kongen. Vi snakkar generelt mykje om det thailandske samfunnet sidan det er så annleis frå vestlig kultur, som er den dei fleste kjem frå. Thailand er the land of smiles, og alle er veldig blide!

Vi har veldig stort fokus på samfunnsteneste og at vi skal hjelpe dei rundt oss: mange lagar notatbøker som dei sel til inntekt til dei offentlege skulane, vi reiser regelmessig for å jobbe som frivillige med skilpadder og apekattar og for å plukke søppel.

Sidan vi er ein ganske ny og liten skule er det lettare å påvirke skulen og korleis vi gjer ting her lokalt. Skulen jobbar fortsatt med å finne dei beste løysingane og let elevane leie mange intiativ. Samtidig får ofte høyre at skulen ikkje kan gjere endringar vi føresler fordi dei må følgje thailandsk lov.

Skulen har masse pengar og oppfordrar oss veldig til å delta på konferansar, møter og turar for å lære meir om og bidra til å utvikle samfunnet. Til dømes fekk eg vere med på “PHIST: Phuket Hotels for Islands Sustaining Tourism”, og i November skal eg både på “Youth for Sustainable Development Goals” og “Peace Summit for emerging leaders.”

Kva forskjellar merkar du på korleis ein arbeider med problem i Thailand og Norge?

Det er mykje korrupsjon i Thailand. Mantraet på skulen er at dei “believe in seniority,” som betyr at ein skal vere forsiktig med å kritisere autoritetar, spesielt dei som er eldre enn deg. Skulen insisterar ofte på at vi må følge Thailandsk lov, og leiinga på skulen har sjefar over seg som har bestemt korleis ein del ting skal vere, og dei kan ikkje endrast. Eg har òg merka at skulen føretrekk å lage reglar og setje begrensingar over å snakke om problem og finne løsningar saman med elevane, of elevane har ikkje alltid noko dei skulle sagt.

Samtidig seier andreåringane at dei merkar store endringar frå korleis det var i fjor, og korleis dei høyrde det var før. Eg trur vi er med på å endre haldningane til leiinga, litt etter litt. Når vi lever så tett på lokale merkar vi òg korleis UWC bidreg til at deira haldningar endrar seg. Til dømes har dagstudentane vorte mykje meir aktivistiske, og dei tek klare standpunkt og står for dei.