Malene i Changshu brenn for miljø og klima

Malene Solheim frå Sandane er del av det første kullet på den nyopna UWC-skulen i Changshu. — Eg har fått inntrykk av at UWC Changshu China stiller spørsmål til det kinesiske samfunnet som det kanskje ikkje har tatt så mykje stilling til før. Litt etter litt forandrar vi Changshu og litt etter litt forandrar vi Kina – nett slik UWC prøver å forandre heile verda, seier ho.

Kven er du og kvifor søkte du på UWC?

Eg heiter Malene Solheim, kjem frå Sandane i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane og går no andre året mitt på UWC Changshu China. Eg søkte UWC av mange grunnar, men hovudgrunnen var nok at Sandane vart litt lite etter å ha budd der i alle mine 17 år. Heilt sidan 9. klasse har eg lengta etter internasjonale vener, nye utfordringar og å oppleve verda gjennom stader og menneske. På slutten av ungdomsskulen og byrjinga av vidaregåande vart eg også meir opptatt av lokalpolitikk og miljøspørsmål — det gjorde meg endå sikrare på at UWC var retninga å gå for meg.

Kva ser du på som dei største samfunnsproblema i Changshu og i Kina, og korleis har det første året ditt på UWC hjelpt deg å forstå dei betre?

Det er sikkert at kontrasten mellom bylivet i Kina og bydgelivet melom fjell og fjordar på Sandane er stor. Det kan kanskje høyrest rart ut å seie at lufta som ein normalt sett ikkje tenkjer så mykje på er den største kontrasten. Luftforureining er eit verkeleg stort problem i aust-Kina grunna industri. Før eg kom til Kina hadde eg problem med å forstå kvifor Kina ikkje klarte å halde lufta rein når Noreg klarer det. Etter eit år på UWC, der eg faktisk har budd midt opp i forureininga, skjønar eg no at det er vestlege selskap som plasserer sine fabrikkar i Kina på grunn av lav produksjonspris i forhold til i vestlege land.

Ved å møte kinesarar og elevar frå andre nasjonar har eg fått fleire synspunkt på dette problemet i Kina. Eg har til og med snakka med kinesarar som ikkje synest forureining er eit problem, sjølv om lufta er tung, grå og lukta vondt. Dette er det som gjer UWC så veldig annleis frå andre vidaregåande skular.

Utsikt frå Shanghai Tower, verdas nest høgste bygning. Bygningen samlar opp regnvatn, har 200 vindturbinar, brukar doble glasvindaug for å redusere behovet for nedkjøling og oppvarming og resirkulerer avfallsvatnet sitt.

Korleis tenkjer du at UWC Changshu bidreg til å påverke store samfunnsspørsmål i Kina?

UWC er som kjent ein veldig liberal skule medan Kina på ganske mange måtar er meir konservativ i forhold. Eg har fått inntrykk av at UWC Changshu China stiller spørsmål til det kinesiske samfunnet som det kanskje ikkje har tatt så mykje stilling til før. Vi som elevar og som ein skule kan kanskje ikkje gjere så mykje med desse store spørsmåla, men litt etter litt forandrar vi Changshu og litt etter litt forandrar vi Kina – nett slik UWC prøver å forandre heile verda. Også dei kinesiske elevane (som utgjer om lag 55% av dei 520 elevane på skulen) får kome til eit heilt anna samfunn enn dei tradisjonelle skulane i Kina legg opp til. Eg har fleire gonger tenkt på korleis det må vere for dei å få slike nye perspektiv på sin eigen kultur.

Malene saman med Katrine Opheim, samåringen hennar frå Noreg.

Kva er dei viktigaste erfaringane du tek med deg vidare i livet frå UWC?

Frå UWC tek eg med meg så mykje kunnskap eg lærer om verda frå folk som til saman har så mange kulturar under huda. Denne kunnskapen kunne eg berre drøyme om for litt under 2 år sidan, og han har også skapt ein nysgjerrigheit i meg som eg aldri før har opplevd. Opptøyane som held på i Venezuela, krigen i Syria, konsekvensane av den økonomiske krisa i Hellas og konflikten mellom Palestina og Israel er berre nokre av dei tinga eg har blitt overraskande mykje meir interessert i no enn eg var før eg reiste til UWC. Den viktigaste erfaringa trur eg må vere at det alltid lønnar seg å vere nysgjerrig, for då får ein denne kunnskapen som eg set slik pris på.

Korleis tenkjer du å engasjere deg i samfunnet – heime eller i utlandet – etter UWC, og korleis har UWC påverka dei vala?

Etter at eg flytta til UWC Changshu har eg skjønt kva saker eg brenn for og er villig til å kjempe for. Eg veit no at miljøproblem og klimaendring er noko heile verda står ovanfor og at kvart enkelt menneske må jobbe for å snu denne endringa. Å bu i Kina har verkeleg gjort meg klar over at det skjer, men også ikkje minst korleis det skjer. Eg bur i ei tåke frå industri og transport som gir meg hovudverk kvar gong eg trenar ute og dunstar surt når ho blir for tjukk. Av alle tinga verda skal bruke ressursar på, så er det viktig å snu denne trenden slik at delar av verda. Dette fordi at delar av verda, som aust-Kina, ikkje skal bli endå meir øydelagde enn dei allereie er.

Malene dansar pakistansk dans under den asiatiske kulturveka.

Kanskje du er interessert i dette…