Ein Pura Vida-påmindelse!

Ettersom vi berre hadde vore ein tur på stranda ditta semesteret, og då regna det attpåtil, fann eg, Danielle, Diana og Amalia ut at dinne helga, då måtte vi til stranda. Vi prøvde å researche for å finne ut kor det heilt sikkert ikkje regna, men det viste seg å vere vanskeleg. Tilslutt fann vi ut at dei fleste kildene sa at sør i Karibien, der skulle det gå bra. Likevel, frå det øyeblikket vi satte oss på bussen regna det i bøttevis. Litt smådeppa ankom vi Puerto Viejo i Karibien (som forresten er the place to be i 2011 iføle aftenposten), og sjølv om vi egentlig hadde tenkt oss til ein anna strand, fann vi ut at sidan det regna så mykje kunne vi like godt bli der vi vissta kva vi hadde (vi var der i fjor også) i stadenfor ein ukjendt stad med potensielt ingenting. Kort tid etter vi fann oss eit hostell slutta det faktisk å regne, og søndagen hadde vi strålande sol. Vi leigde sykla, og etter ein rundt tre kvarters sykkeltur nådde vi Punta Uva, Strendenes Strand;

Etter eit utrulig hektisk semester var det herlig å verte påminna Pura Vida-stemninga
Eg og Amalia (Spania)
Hengekøyehostellet vi sov på
Ikkje verst badevatn i november!
Danielle (Israel) og Amalia
Iløpet av turen fekk vi fleire gangar bekrefta at vi definitivt er på det best UWCet 😉
Danielle og Amalia promenerer Puerto Viejo

Kanskje du er interessert i dette…