Den store sveltestreiken

UWC og UWC-arar er berykta for å engasjere seg i «globale spørsmål», og ein gjengangar ved samtlege skular er berekraftig utvikling, gjerne med fokus på kva ein et. Skulane tilbyr vegetar- og veganmenyar, og enkelte har teke det dithen at dei ikkje serverer kjøt, som mange hevdar er smaklaust (pun intended) frå både dyrevelferds-, berekraftigheits- og ressursfordelingsperspektiv.

Meatless Monday-bevegelsen har heller ikkje gått upåakta hen her i Mostar, og «obligatorisk drøvtygging», som motstandarane likar å kalle det, har vorte drøfta bortetter og nedetter. I år vart det med tanken.

Noko som tvert imot vart gjennomført var den årlege sveltestreiken til Amnesty CAS. Ein dag i året let dei som vel å delta (inkl. underteikna) vere å ete i kantina i det heile, og pengane som skulen sparar (eit solid beløp per elev, sjølv etter norske standardar), vert donert til ulike veldedige føremål. Etter mi meining er det eit fantastisk tiltak på mange måtar:

  • Det er frivillig, og ein tvinger såleis ingen til å bli med å redde verda (noko som vanlegvis fører til større oppslutnad, overraskande nok)
  • Det er enkelt, og krev ikkje noko varig engasjement frå deltakarane
  • Det gjer ein forskjell, og tiltaket gjev umiddelbar effekt hjå organisasjonane vi støttar
  • Det byggjer merksemd hjå deltakrane rundt sakene vi støttar

Dagen etter sveltestreiken hadde vi svoltbankett. Her trakk alle eitt land kvar, som anten var fattig, rikt eller «midt på treet», og etter ein kort innføring om velstandsforskjellar mellom ulike land i verda, vart vi «servert» mat deretter. «Dei rike» fekk fat som var så fulle at dei nesten knakk, dei «middels vansklegstile» vart servert vesentleg mindre porsjonar – etter at dei rike var ferdige å ete. Til slutt slengte dei eit trau med eldre salat, iblanda ein mindre apetittvekkande olje, som dei fattige måtte dele på – bestikk og tallerkar var sjølvsagt uaktuelt.

Samtidig viste økologi-CAS-et fram det siste innan søppelmote. Mange hadde laga utrulege kostyme av alt frå vifter til lekseplanar og ordensreglar til diskettar og søppelsekkar, og det var flott å sjå at kreativiteten som alltid blomstrar her på bruket. Kanskje hiv eg meg rundt med litt søppelmote på eiga hand til neste år? Når vi var ferdige, fekk alle forsyne seg av berget av matrestar, og forhåpentlegvis var eg ikkje åleine om å tenkje litt ekstra over det at ikkje alle andre har like store resteberg å forsyne seg frå.

 

 Dea frå Bosnia-Herzegovina

 Colleen frå USA

Hawi frå Etiopia

 Betka frå Slovakia førebur mat til dei rike


Sjur Hamre
Studerer ved UWC in Mostar, og bloggar vanlegvis Mostar&Me

Kanskje du er interessert i dette…