Etter to år ved ein UWC-skule er moglegheitene mange. Her kan du lese om fire UWC-alumni som alle har teke steget vidare inn i akademia – med kvar sine vidt ulike forskingsfelt. Nils H. Korsvoll, Sirianne Dahlum, Ragnhild Freng Dahle og Marte C.W. Solheim er alle fire ein del av Akademiet for yngre forskere, ein tverrfagleg møteplass og forskingspolitisk plattform for yngre forskarar samt en pådrivar for nyskapande forskingsformidling.
Marte C.W. Solheim – innovasjonsstudier
Atlantic College 1999-2001
Eg er Marte frå Dale i Sunnfjord.
No er eg førsteamanuensis og leiar av senter for innovasjonsforsking, ved handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger. Eg forskar på mangfald og innovasjon i verksemder, og korleis verksemdene sine omgjevnadar formar og påverkar både mangfald og innovasjon. Eg dreg nytte av lærdommar frå innovasjonsstudier, organisasjonsteori og økonomisk geografi. Det siste halvtanna året har eg forska på digitalisering, innovasjon og omstilling i norske verksemder gjennom COVID-19 pandemien saman med kjekke kollega frå NORD universitet og NTNU på oppdrag for innovasjon Norge.
Etter UWC, fortsette eg å reise rundt, og budde nokre år i karibien, der eg mellom anna studerte spansk, journalistikk, arbeidde og dansa rundt. Fann etter kvart ut at det var på tide å ta meir utdanning og vendte snuten heim til Noreg og media ved Høgskulen i Volda. Der hadde eg praksis i Ulstein-konsernet, skreiv bachelorgrad om utanlandsk arbeidskraft og HMS i verftsindustrien. Same år fekk eg jobb innanfor kommunikasjon i den maritime klynga. Hadde det svært godt der. Starta på mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing og skreiv masteroppgåve om utanlandskfødd arbeidskraft i den maritime klynga, og korleis dei opplevde stadane der dei budde, og deira rolle i innovasjonsprosessar. Då fekk eg «blod på tann». Det tente ein forskargnist i meg. Derfor bar det vidare til doktorgradsløp i Stavanger, og forsking på ulike former for mangfald og ulike former for innovasjon. Det står også ein del av dette her: Marte C.W. Solheim – Akademiet for yngre forskere
Kva har UWC betydd for deg i etterkant?
Frå eg var lita jente og vaks opp i Fjaler med UWC Nordic tett på og vi var vertsfamilie for studentar gjorde tidleg sterkt inntrykk på meg. Eg hugsar godt den offisielle opninga av Nordic College på midten av 90-talet, då eg som 13-åring hadde pakka med meg matpakke, og kakao. Berre eit kvarter frå heimbygda mi kom helikopter med prominente gjestar som Dronning Sonja (som er skulen sin høge beskyttar), og Dronning Noor av Jordan. Så fekk eg høyre Thor Heyerdal tale utandørs, omringa av menneske frå alle verdshjørne. Eg bestemte meg for at dette ville eg også oppleve «frå innsida». Mi eiga UWC oppleving i Wales var stor, og ei tid eg ser attende på med glede. For det første så betydde sjølve opplevinga på AC i Wales mykje for mi personlege utvikling, men den var starten på vidare internasjonal erfaring. Eg har hatt glede av den enorme lærdommen vi fekk ved å bu så tett på kvarandre, med menneske frå heile verda, i kraft av tette band som vart lagde der. Det har vore med på å forme den eg er i dag. Månedens alumn: Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim – UWC Norge
Kva saker vil du arbeide med gjennom Akademiet for yngre forskarar
Her ynskjer eg særleg å trekke fram tre ting: Mangfald i akademia, utvikling av doktorgradsarbeidet (og forskartalent generelt) der eg meiner at nytteverdien må gjerast meir relevant for næringsliv og resten av samfunnet, og ikkje minst forskingsformidling som er viktig for å synleggjere relevansen forskinga har. Eg har eit brennande engasjement for forskingsformidling, og det er veldig viktig for meg at forsking ikkje berre lev innanfor «universitetets veggar», men at ein gjennom brei forskingsformidling får forskinga «ut», slik at den kan kome til nytte.
Ragnhild Freng Dale – sosialantropologi, klimaomstilling
Atlantic College 2006-2008
Jeg er sosialantropolog og jobber som seniorforsker på Vestlandsforsking. Her forsker jeg på klima, energi og omstilling, og særlig hva det betyr på lokalsamfunnsplan i Norge og Sápmi. Jeg har studert ved University College London og Universitet i Bergen, og ble ferdig med doktorgraden min ved University of Cambridge i 2019. I tillegg jobber jeg en del med scenekunst både tilknyttet forskningen min og på siden av det.
Jeg har alltid tenkt at jeg skulle studere etter videregående, men hadde ikke planlagt at jeg skulle ta doktorgrad og jobbe som forsker etterpå. Først hadde jeg tenkt å studere noe knyttet til teater, men så hørte jeg om sosialantropologi og falt for tanken om å lære mer om andre mennesker, kulturer og samfunn (kanskje ikke helt ukjent for UWC-ere?). Etter AC startet jeg på en bachelor i antropologi, og derfra har det bare utviklet seg. Jeg har gjort feltarbeid både på hvordan store energiutbygginger endrer lokalsamfunn, og hvordan kunst kan ta opp samfunnsaktuelle spørsmål på nye måter – kanskje en litt rar kombinasjon for noen, men skikkelig drømmekombo for meg!
Kva har UWC betydd for deg i etterkant?
Det er nesten litt vanskelig å svare på, for hvem hadde jeg vært om jeg ikke bodde de to siste årene av videregående på en internatskole i Wales? Det har definitivt formet mange av valgene mine, både rundt studier og hvilke deler av verden jeg har reist til og bodd i. Jeg har kanskje ikke vært like involvert i alumniaktiviteter som andre, men har noen venner og bekjente rundt om i Norge og verden som jeg er veldig glad i og har lært mye av.
Kva saker vil du arbeide med gjennom Akademiet for yngre forskere?
Gode vilkår for unge forskere, og at flere forskere får tid og rom til formidling i både tradisjonelt og utradisjonelt format.
Nils H. Korsvoll – religionshistorie
Li Po Chun 2002-2004
Eg er religionshistorikar, med utdanning frå Nederland og Noreg. No arbeidar eg som førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Agder. Her forskar eg på den felles historia til jødedom, kristendom og islam i Midtausten og Europa i det første tusenåret etter vår tidsrekning. Eg ser på magi og andre folkereligiøse uttrykk for å finne og betre forstå kontakten, motsetjingane og samspelet som har vore mellom desse religiøse tradisjonane. Nyleg har eg òg byrja arbeide med religionsfaget i skulen, for å sjå nærare på nettopp korleis historia til desse religionane vert presentert og undervist her.
Eg har halde meg på universitetet og vore nøgd her. I løpet av og etter UWC var eg først innstilt på å arbeide med diplomati og/eller bistand, men på bachelorstudia i Nederland fall eg for (religions)historie. Både fordi det er fascinerande, spennande og viktig å undersøke historia, fordi denne lett blir henta fram som modell og (vrang)bilete på korleis verda og samfunnet skal eller burde vere. Eg ønskjer å hente fram og formidle kunnskap som utfordrar eller nyanserer korleis me i dag forstår menneske og deira tru i historia.
Og så er eg (stadig) litt svak for den romantiske ideen om akademia, med høge vindauger og klatreeføy – sjølv etter år med linoleumsgolv og furumøbler.
Kva har UWC betydd for deg i etterkant?
Stort spørsmål. Det har gitt meg mange gode vener og eit anna blikk på verda, menneske og meg sjølv. Fagleg trur eg det var veldig viktig for å desentrere Europa og Noreg – berre det å sjå og ta inn over seg at flest menneske i verda bur omkring Stillehavet, ikkje Atlanterhavet. Det har eg framleis mykje att for.
Kva saker vil du arbeide med gjennom Akademiet for yngre forskere?
Hehe – lett å seie her, men eg trur eg kan seie mangfald og internasjonalisering. Båe er veldig viktige tema i norsk akademia, med stort og viktig betringspotensiale.
Sirianne Dahlum – statsvitenskap
Atlantic College 2003-2005
Jeg vokste opp på Skarnes, et lite tettsted i Odalen i Hedmark. Nå er jeg forsker i statsvitenskap, og jobber som førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og som seniorforsker ved Fredforskningsinstituttet i Oslo (PRIO).
Da jeg ble ferdig på UWC hadde jeg ingen idé om at jeg kom til å ende opp i akademia, og etter et litt tilfeldig valg av studier i jus og deretter statsvitenskap testet jeg ut flere ulike karriereveier, blant annet som journalist og i Utenriksdepartmentet. Men jeg innså etter hvert at det jeg likte aller best var å kunne gå i dybden og jobbe intensivt med ulike spørsmål, og at jeg var godt over gjennomsnittlig interessert i diskusjoner om vitenskapsteori, forskningsmetode og hvordan vi kan komme frem den beste kunnskapen om verden og samfunn. Jeg kan absolutt anbefale en forskerkarriere som en alternativ karriere-vei for samfunnsinteresserte – det er en unik mulighet til å alltid kunne forfølge det man er mest interessert i og jobbe sammen med kollegaer fra hele verden.
Kva har UWC betydd for deg i etterkant?
Jeg synes fortsatt det er stort priviligium å være en del av et nettverk med så mange unike og bra mennesker fra hele verden – som jeg mest sannsynlig aldri ville ha blitt kjent med på en annen måte.
Kva saker vil du arbeide med gjennom Akademiet for yngre forskere?
Som forsker er det vanskelig å ikke bli engasjert i spørsmål om hvordan akademia og forskning bør innrettes – både i Norge og internasjonalt. Spesielt er jeg opptatt av hvordan vi kan sikre at samfunnet og politikere fortsatt ønsker å investere i fri grunnforskning, og behovet for internasjonalisering av norsk akademia. Akademiet for yngre forskere er en perfekt arena for å kunne delta i slike diskusjoner.