Elevblogg

Eit nytt liv

21. september 2011 • Sunniva Hustoft

Nå har eg budd i mitt nye rom på min nye skule i nøyaktig 27 dagar her på UWC-USA i Montezuma, NM. Eg har truffe menneske frå ganske nøyaktig heile verda, eg har høyrt sikkert 40 nye språk, og fått ei skremmande stor og skummel 20th Century World History-bok. Jo, og så har eg sett eit hav av ulike nasjonaldrakter.

Det skjer ufatteleg mykje på her på skulen, og det følest eigentleg som om eg har vore vekke i to år allereie. Likevel går tida fort. Kanskje litt for fort somme gonger. Me har alt lest halve Tim O’Briens bok The Things They Carried i engelsk, og eg har superkomplisert matte med elevar frå både Latin-Amerika, Europa og Asia. Skulen her er meir krevjandes enn i Norge, men når du kjem inn i klasserommet og føler elevanes og lærarens energi gir alt meining, og skulen blir knallkul! Å snakka om klimaendringar i ein klasse med folk som kjem ifrå land kor dei føler endringane på kroppen er absolutt noko anna enn å diskutera det heime i eit klasserom fylt med menneske med den same bakgrunnen. Musikkundervising med eksemplar frå asiatisk og bosnisk musikk gjer at du ser alt på ein heilt annan måte. Globalisering, folkens! Og det i ein heilt annan kontekst enn å sitja heime og kikka på amerikanske filmar. Her lærar du den ekte kulturen, ikkje berre den som skrik høgast. Utforndrande, ja, men mykje meir spanande!

I byrjinga hadde me hatt noko kalla Introduction Weeks, som er to veker kor me blir kjende, drar på tur i fjellet og berre har det kjekt. Nå har skulen byrja på ekte, og «sommarleiren» er over. Men før alt det «normale» blei sparka i gong, hadde me ein Welcoming Ceremony kor me åt god mat og hadde fest i nasjonalkostymene okkar. Aldri har eg sett så mange fargar på ei gong! Alle var nydelege, og me fekk sjå ei side av kvarandre som me ikkje har fått vist før. Eg håpar og trur at det er noko eg aldri kjem til å gløyma (bilete nedanfor).



Vel, no er det slutt på filosofering og tilbake til skulen… Hardt, men gøy!

-Sunniva, UWC-USA ’13